<--
Brui (Av Olav H. Hauge)
Stiv av angest brått eg vakna
or ein draum ei natt:
I ein bråblenk alt var burte.
Veik eg låg der att.
Og dei kom, dei vonde tankar
med si ville sut,
hogg si klo kring hjarta, dreiv meg
hugsprengd upp - og ut.
Vårnatt var det. Marki naki
etter snøen fór.
Sløkte himlar. Audn og einsemd.
Dette var mi jord.
Då ifrå ein skyglugg fall det
ned ei sylvbru, som
lett og skjelvi like til min
ringe dørstokk kom.
Og ho baud meg, brui, berre
koma til si borg.
I dei ljose månelandi
vert du kvitt di sorg.
Brått var blanke brui burte.
Frostal stod eg att.
Kom i døden du og ber meg
frå mitt jordlivs natt!